Me reiste opp til bassenget og stengde ein krane, 6 toms krane på vatningsanlegget og denne kranen skal ikkje opnast før våren kommer. Me reiste ned på lunde plassen og kobla til vedmaskina på gammletraktoren, etter det så reiste me heim i fjøsen og ga kraftfor og melk til kyrene og kalvane.
Etter lunch så reiste me inn på Lunde plassen i Saurane og starta med vedkløyving, me dreiv på frå 12:30 – 13:55 hengaren er snart full og me ha nesten teke 1/4. Etter det så reiste me inn til drengestova og skreiv loggen så den er klar til å leverast når eg kjemme heim
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar