tirsdag 4. desember 2012

28.11.12 på Barsnes med god gutten

 

Me reiste opp til bassenget og stengde ein krane, 6 toms krane på vatningsanlegget og denne kranen skal ikkje opnast før våren kommer. Me reiste ned på lunde plassen og kobla til vedmaskina på gammletraktoren, etter det så reiste me heim i fjøsen og ga kraftfor og melk til kyrene og kalvane.

 

Etter lunch så reiste me inn på Lunde plassen i Saurane og starta med vedkløyving, me dreiv på  frå 12:30 – 13:55 hengaren er snart full og me ha  nesten teke 1/4. Etter det så reiste me inn til drengestova og skreiv loggen så den er klar til å leverast når eg kjemme heim

 

onsdag 21. november 2012

21.11.12


eg viste Knutan eit spel som heite farming simulator 2013, der ein kan høste,slå gras og kelais du selge da før og få større maskiner. Etter det så reiste me i fjøsen og ga kalvane melk og kyrene mjøl. Etter lunch so såg me på ein ny hjelpestartar so Knutan hadde kjøpt på biltema te traktor/bil, me leste gjennom bruksamvisningen slek at me veit korleis den funka, også prøvde me den på Claasen som ikkje har starta på noken daga. Me kobla til hjelpestartaren men traktoren starta ikkje. Me brukte claasen min te å køyra inn rundeballa før me ga oss før dagen. Snakkast neste onsdag Knut Andreas

14.11.12 pao Barsnes me gogtun :)


me gjore klar rundeballepressa til vinter lagring, me køyrde ho ned i det eine lageret til Knutan med vetle traktoren, å etter det så køyrde me ned kunstgjødsel spreiaren. Me fant ei ryggpumpe og følte ho med litt diesel og litt olje, etter det så tok vi den med oss bort til noken tromler til rundeballepressa og spruta dei slik at dei ikkje skulle ruste eller bli øydelagde,  så køyrde me dei og ned til lageret der pressa står.

 

Me reiste i fjøsen og gav noken av kalvane melk, og kyrene mjøl, etter det så tok me og lunch. Etter lunch så skrudde me fast noken lekter inne i drivhuset og tok ei stroppe rundt heile huset, slik at det ikkje skal reise om det blir storm.